Den norske kyrkja si visjonsformulering, som Kyrkjemøtet vedtok i 2014, lyder slik: «Meir himmel på jorda». Det kan og vere overskrifta over den tida vi no er inne i. Openberringstida er tett knytt til det kristne vitnesbyrdet, til det å dele liv og tru. Trusopplæringa i kyrkjelydane er å invitere folk med på å skape «meir himmel på jorda»
Openberringstida er, som navnet seier, knytt til bibeltekstar som viser ulike sider ved kven Jesus er. I vår kyrkje er det blitt vanleg å knytte denne tida spesielt til temaet misjon. Misjon er å gje seg i kast med eit oppdrag. Det oppdraget blir tydeleg når det blir klart kven Jesus er. Oppdraget er å elske Gud og tene nesten vår. Kristendom handlar om begge deler.
- Mange har stadig ei kjensle av kulturimperialisme og tvang til tru når det vert tala om misjon. Det er derfor viktig med oppdatert informasjon om kva som er status i det globale kyrkjelivet og misjonsarbeidet vår kyrkje er engasjert i. Misjon handlar om vårt felles oppdrag saman med heile den verdsvide kyrkja. I den samanhengen må óg Den norske kyrkja søke sin plass der vi både kan ta imot livgjevande impulsar og bidra med våre ressursar som bærarar av ein 1000-årig kristen arv, seier Knut Hallen. Han er dagleg leiar for Samarbeid Menighet og Misjon (SMM).
SMM er eit samarbeidsorgan mellom Den norske kyrkja og sju misjonsorganisasjonar. Kvart år presenterar SMM hjelpestoff til gudstenestane i openberringstida.
Meir himmel på jorda
Tida mellom jul og faste vert kalla openberringstida i kyrkjeåret. Kristi openberringsdag 7. januar markerer avslutninga av juletida.